Hoteller i Bergen

Best Western Hotell Hordaheimen

Postadresse
C. Sundtsgt. 18 5004 Bergen
Besøksadresse
C. Sundtsgt. 18 5004 Bergen
Telefon
55335000
Fax
55234950
Epost
info@hordaheimen.no
Hjemmeside
http://www.hordaheimen.no/
Kart
Kartoppslag hos Gulesider

Om Oss bergen hotell - historie

bergen hotell - interiør Hotellet er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike i Bergen. Historia skriv seg tilbake til 1918, då Bondeungdomslaget og private luteigarar bestemte seg for å skapa ein overnattingstad for folk som kom frå utkanten.

I dag framstår hotellet som topp moderne. Dei 64 romma er alle nyoppussa, og med si sentrale plassering er hotellet svært populært både for gjestar som treng overnatting og til kurs og konferansar. Trass i det moderne miljøet, har ikkje hotellet gløymd sine røter i form av god mat, historie, kultur og tradisjon.

Til gjestefridom høyrer god tradisjonsrik og ikkje minst heimelaga mat. Vi serverer sjølvsagt den bergenske spesialiteten prinsefisk, raspeballar med alt tilbehør og mors beste kjøttkaker. Svært mange kjem til oss nettopp på grunn av vårt gode kjøkken.

Heile hotellet er prega av friske og delikate fargar. I resepsjonen har vi valgt ein kombinasjon av nytt og gamalt. Her finn du blant anna deler av ei større møbelsamling laga av den kjente treskjæraren Lars Kinsarvik. Han døde i 1925, men etterlot seg eit stort antal verdifulle arbeid som hotellet i si tid sikra seg delar av.

Velkommen til oss!